Aktuelt

Her finn du aktuelle saker frå Ulshav der vi presenterer både verksemda i Saunesmarka og Mjøl & Meir.

27. juni 2024

Presseinformasjon – Ulshav og Furene blir eitt

Volda/Ulsteinvik 27. juni 2024

Generalforsamlinga i Furene har endeleg godkjent aksjebyteavtalen som gjer at Ulshav no blir ein del av Furene-konsernet. Dette skjer ved at dei tidlegare eigarane av Ulshav får auka sin eigarskap i Furene Holding AS med høvesvis 60 nye aksjar til Ulstein kommune og 30 nye aksjar til Hareid kommune.

I dei seinare åra har bakeriverksemda Mjøl og Meir og jobbfrukt vore dei største aktivitetane i Ulshav. Bakeriet i sentrum i Ulsteinvik har vore populært heilt sidan starten og no er også bakeriet på Hareid i fin utvikling. Jobbfrukt leverer kvar veke fruktkorger til 90 verksemder i regionen.

– Frå sentralt hald har der lenge vore ytra ønskje om færre og større einingar og derfor var ein dialog med Furene det rette for oss, seier konstituert dagleg leiar og styreleiar i Ulshav, Yrjar Garshol. Gjennom ein grundig og omfattande prosess har vi skapt eit miljø for samarbeid som har ført til at vi no fusjonerer dei to selskapa, seier han.

– Med Ulshav med på laget har vi landa ei konsolidering av vår bransje i dei sju kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda, seier dagleg leiar i Furene Inge-Jonny Hide. Han ser fram til å vidareutvikle eit felles, sterkt kompetansemiljø innan arbeidsinkludering.

Ulshav og Furene har gjennom mange år utvikla eit godt samarbeid med NAV, eigarkommunane og arbeidslivet i regionen, og med Ulshav sine godt innarbeidde og utadretta aktivitetar innan bakeri og jobbfrukt vil vi få enda større variasjon i vår interne arenaer for arbeidsinkludering, seier han. Frå før er Furene ein del av Kopano-alliansen der ein samarbeider med mål om å bli leiande innan arbeidsinkludering.

Ønskjer å satse i sentrum Furene har frå før base i Ulsteinvik sentrum, og i dialog med Ulshav er målet å etablere ein ny, felles base i første etasje i Arthurgarden. På sikt vil ein då selje Ulshav sine lokale i Saunesmarka.

Garshol ny styreleiar i Furene Under generalforsamlinga i Furene blei Yrjar Garshol valt til ny styreleiar i Furene. Han tek over etter Inge-Jonny Hide som gjekk inn i rolla som administrerande direktør i Furene for eit knapt år sidan. Desse er no i styret i Furene: Yrjar Garshol, leiar, Alvhild Kvamme Iversen, nestleiar, Tor Mikalsen, Marit Aklestad, Jens Erling Ekroll Lillebø, Ingvild Saure Riise og Stian Runne Brandal.

For meir informasjon, ta kontakt med:
Yrjar Garshol, mobil 948 39 043
Inge-Jonny Hide, mobil 911 99 579

Bjørkaved på lager

Ved lageret er fylt opp med tørr bjørkeved og vi er klar til levering.

40 liter sekk kr. 120.-

Levering Ulstein og Hareid kr. 275.-

Levering Sande og Herøy kr. 325.-

Du kan også hente sjølv.

Mandag – Fredag

8:00 – 14:30

Faktura eller vipps nr. 552969

Postkassestativ med skrått tak

Fåes i ulike størrelser

Postkassestativ

Vi har ulike modeller og størrelser på lager

Rastebord på lager

Vi har flotte rastebord på lager! Galvanisert bolter er bolter med vanlig som har eit rustbesykttende hinne utenpå. Dette betyr at bordet er svært slitesterkt, sjølv i norske værforhold.

Vi har to typer bord: 
Bord med galvanisert bolter kr. 2100,-
Bord med syrefast bolter kr. 2300,-

Syrefaste bolter er bolter som er lagd for å tåle større kjemiske påkjenninger, og brukast både i kasseroller, rørdeler, båter, etc. Desse er ekstremt slitesterke og koster derfor litt mer ein vanlige bolter.

Bla opp