VTA – varige tilrettelagde arbeidsplassar
Målgruppa for dette tiltaket er personar som har fått, eller vil få innvilga uføretrygd, og som ynskjer eit tilrettelagt arbeid.
Ulshav har 10 faste plassar for VTA. I VTA er ein tilsett på vanlege vilkår og med bonusløn for arbeidet som vert utført.
Den overordna målsettinga for tiltaket VTA er at arbeidet skal bidra til å oppretthalde, og å utvikle ressursar hos arbeidstakarane. Dette vil kunne gje positive ringverknader for den enkelte:
- inkludering i arbeidslivet
- auka sjølvkjensle
- betre meistringskjensle
- betre helse
- auka livskvalitet
Det er ikkje tidsavgrensa kor lenge ein kan vere i dette tiltaket. Det skal likevel vere ei vurdering undervegs om det kan vere aktuelt med overgong til andre attføringstiltak, eller til fast arbeid i andre bedrifter.